Antropolog-portrettet:

Synnøve Aasland

Synnøve Aasland har hovudfag i sosialantropologi frå Universitetet i Bergen. 
Tittel på oppgåva: ”Mellom Mao og marknad. Kinesiske studentar i Shanghai si posisjonering mellom ein statleg og kommersiell modernitet”. 
Ho jobbar i dag som kommunikasjonsrådgjevar i FANE (Forskingsadministrativt nettverk) ved  SV-fakultetet, UiO.

Synnove_Aasland.jpg

Er det for mange av oss?

Skrevet av Synnøve Aasland mars 2011

Dette innlegget startar med fjorårets julebord på min nye arbeidsplass. I mars 2009 byrja eg i ny jobbe på SV-fakultetet ved Universitetet i Oslo, og før jul deltok eg på julebordet for administrativt tilsette ved fakultetet. For å innleie den ”faglege” biten, var Tian Sørhaug, antropolog og no nyutnemnt professor i sosiologi ved UiO, hyra inn. Tittelen på foredraget var ”Antropologi i det moderne arbeidsliv. Magi og tradisjon eller fornuft og framtid? ”. Sørhaug hadde eit engasjerande føredrag som fekk det til å krible i den litt rustne antropologen i meg. Men det var ein ting han sa som eg beit meg spesielt merke i, og som eg tar sjansen på å attgje her: ”Alle burde ha 60 studiepoeng i antropologi, men det er også nok”. Det fekk meg til å fundere på om det verkeleg er for mange som tar mastergraden i sosialantropologi? Og er det derfor ein finn antropologar nær sagt over alt, i alle moglege slags jobbar? Noko også denne spalta er eit godt døme på. Er det rett og slett for mange av oss?


Frå A til B

Men før eg skal forsøke meg med ein svar på det spørsmålet,  litt om min veg frå å ha levert hovudoppgåva i antropologi til min noverande jobb. No har fleire tidlegare bidragsytarar i denne spalta på ein svært god måte skildra korleis vegen frå ferdig utdanna antropolog til ein relevant jobb aldri er rett fram, frå A til B, og slik var det heller ikkje for meg. Men sidan det poenget allereie er gjort, så  konstruerer eg for elegansens og kortheita si skuld ein raud tråd i det heile.
Og så kan ein jo sjølvsagt diskutere om jobben som journalist i NRK Sogn og Fjordane, min første fulltidsjobb etter hovudfag, ER ein relevant jobb for ein antropolog. Eg vil hevde at det er det.

Frå SARS til NRK

Korleis blir ein lokaljournalist i NRK? Jau, ein dreg på feltarbeid til Shanghai. Året er 2003 og fugleinfluensaviruset har sett den kommunistiske giganten nesten heilt ute av spel. Eg skulle skrive hovudoppgåve om kinesiske studentar på eit eliteuniversitet i Shanghai, og mot slutten av feltarbeidet mitt braut SARS-epidimien ut. Eg vart oppringt av ein journalist i NRK Sogn og Fjordane som hadde fått tips om at eg var der nede. Han intervjua meg over telefon, og neste dag kunne eg lese på nettet: ”Førdejente i SARS-område”. NRK ringte meg fleire gonger for å spørje om eg var redd, og kor tid eg hadde tenkt til å reise heim. Og på den måten  fekk eg høve til å skildre som reine utanrikskorrespondenten korleis eg oppfatta situasjonen, korleis dei kinesiske venene mine takla det, osv. Slik fekk eg vist meg fram i etermedia, og året etter vart eg tilbydt ein sommarjobb i same redaksjon. Då det våren 2005 dukka opp eit fulltidsvikariat samstundes som eg var i ferd med å avslutte hovudfaget, søkte eg på jobben - og fekk den. Som nyutdanna antropolog flytta eg frå Bergen og heim til Førde for å bli lokaljournalist i NRK.

Endeleg ein deadline

For meg vart det utruleg befriande å jobbe med korte tidsfristar, med kniven på strupen, og akkurat klare å levere saka tidsnok til Dagsnytt si neste sending. Få tilbakemeldinger og blir evaluert, legge det bak seg, og å starte på ny sak, med nye muligheter. Det var ei heilt anna verd etter å i to år ha jobba med det store og til tider svært einsame arbeidet ei hovudoppgåve er, utan å ha ein deadline å forholdet seg til, og utan at nokon fortalde deg om det du hadde skrive den dagen var bra eller dårleg.

I byrjinga følte eg meg frykteleg dum og på veldig tynn is som journalist. Å vere nyutdanna antropolog ga ikkje umiddelbar respekt på desken, her var det heilt andre kriterium så gjaldt for å lukkast. Det var om å gjere å vere god på ting som ”fokus”, ”konflikt”, ”knagg”, ”case” og ”speak” (stemmebruk) for å lage ein god radio- eller fjernsynsreportasje. Og eg måtte lære meg å bruke opptaksutstyr, redigerinsgprogram og ”sjølvkøyr” for å lese bulletin på direkten. Lenge lurte eg på om eg hadde brukt sju år på ei utdanning for så å måtte starte heilt på nytt, lære meg eit heilt nytt fag? Kvar var antropologien i dette?

Men i NRK sa dei til meg at dei ikkje vil ha straumlineforma folk med journalistutdanning, der dei kan eit handverk men ikkje noko om den verda vi lever i. Dei vil ha folk med variert fagbakgrunn, gjerne eit språk, gjerne landkunnskap, gjerne økonomi, historie og samfunnskunnskap. Dei vil ha folk som er kritiske og analytiske. Som ikkje tar alt for god fisk, og som tør å stille dei upopulære spørsmåla, og som er kritiske til makta.

Om utlendingar og kultur

Kjennskapen kollegane og sjefane mine hadde til kva antropologi var,  varierte sjølvsagt i stor grad, og i byrjinga vart eg ofte sendt ut på saker som ”hadde med utlendingar og kultur å gjere”. Men det passa meg i grunnen bra. Eg laga sak om sultestreikande iranarar på asylmottak i Florø, om Behranu frå Etiopia som mala fantastiske bilete og gjennom måleria utrykte ikkje berre eigne kjensler og opplevingar, men også alle dei ulike historiene til bebuarane på asylmottaket.

Det var funksjonshemma Mark Wang frå Kina som kom tilbake til den gamle skulen sin, United World College i Fjaler etter å ha blitt kjendis i Kina, og fått ein opera laga om livet sitt. Om Førde Internasjonale folkemusikkfestival. Og muslimane i Sogn og Fjordane som einaste i landet ikkje hadde ein religiøs tilhaldsstad. Det var ingen som ville gje dei eit eiga lokale til ein moske.Det var også intervju med Dronning Sonja som opna ei ny utstilling om Kjartan Slettemark, det var meg i bunad på toppen av Hafstadfjellet på direktesendt fjernsyn på 17.mai. Og også saker om helsepolitikk, utdanning, opera i Nordfjord og ein lengre serie om kunst i Sogn og Fjordane.

Journalist på feltarbeid.

Og etter kvart skjønte eg at det var mange likskapar mellom antropologien og journalistikken, og at eg ikkje byrja på ”scratch”. Studier i medievitskap, historie og eit hovudfag i antropologi var ein god bagasje å ha med seg. Antropologien, ikkje minst feltarbeidet og arbeidet med hovudoppgåva, ga viktig lærdom eg kunne bruke i jobben som journalist. Og artig nok var det ein av tilbakemeldingane på hovudoppgåva mi frå komiteen: at eg skreiv som ein journalist.  

Som journalist bør du vere på feltarbeid kvar dag. Mantraet frå redaksjonssjefen var alltid: snakk med folk! Gå ut og snakk med ”mannen i gata” og kva som opptek han og finn ut kva som rører seg i lokalsamfunnet. Det er då du får dei gode historiene. Ikkje gøym deg bak avisene, telefonen og pc’en. Det er spesielt lett i dag når du i praksis kan få tak på all informasjon du treng gjennom internett, og møte folk på Twitter, Underskog og Facebook.Ein må oppsøke dei uformelle arenaene. Puben, kjøpesenteret, gamleheimen. Det hjelper ikkje å lage sak om eit tema viss eg ikkje har eit ”case” som underbygger det. Du må dykke ned på mikronivå. Ei sak om overordna strukturar i samfunnet må underbyggast med folk. Høg og lav. Det globale i det lokale. Det er ofte nøkkelen til god lokaljournalistikk. Dersom du klarer å ta tak i eit generelt problem som gjeld oss alle og belyse det med eit lokalt case, ja då var du garantert å få saka ”på” i Dagsrevyen, Dagsnytt eller Her og Nå. Då hadde vi klart å ”heve” saka, slik vi også gjer i antropologien. Vi tek utgangspunkt i ein stad, ein location, og generaliserer ut frå det.Etter å ha vore på feltarbeid var eg van til kjensla av å skilje seg ut i flokken, vere den som stiller dei rare spørsmåla, som snakkar med alle, både raringar og lokalheltar. Eg var van med å møte folk med ein annan bakgrunn, ei anna ”livsverd” enn det eg hadde sjølv. Og slik var det også å vere journalist. Ein må ha evna til å sette seg inn i andre sin situasjon, ein må rett og slett kunne prate med ulike typar menneske. Og ein må ha evna til å gjenkjenne og formidle den gode historia. Både som journalist og antropolog er du formidlar av andre menneske sine historier, opplevingar og kjensler.

Kom til poenget

Kva lærte eg då i NRK, sånn bort sett frå ein heil haug med nye program og redigeringsutstyr og ord som ENPS, Digas, synk, link, blokk og head?Ingen lange utlegningar. Formuler deg enkelt, kom kjapt til poenget, og sei det viktigaste først.  Finn eitt fokus for saken og hald deg til det. Eg måtte lære meg å sette meg rask inn i nye saker, og ikkje minst lære meg å sende frå meg ei sak som eg ikkje var hundre prosent nøgd med. Det er ein svært nyttig erfaring å ta med seg vidare i arbeidslivet. Eg lærte også at komplisert forsking kan formulerast enkelt, at faguttrykk kan erstattast. Og ikkje minst oppdaga eg at mange forskarar er redde for å bli feilsiterte, misforstått , og at unge kvinnelege forskarar nesten alltid viser til ein eldre, meir erfaren, mannleg kollega.Eg jobba som vaktsjef og journalist på radio, TV og nett i NRK i tre år. Og stortrivast i jobben og med det gode samhaldet på desken. Og det er ingen jobb som har lært meg så mykje. Men eg sakna etter kvart i større grad å kunne gå i dyden, sakna å kunne lage lengre saker og ikkje alltid presse alt inn på 1:30, som er standarden for nyhendesaker i NRK.Det var også slitsamt å aldri ha heilt fri frå jobben, eg vart ein "nyhendejunkie" som aldri klart å slå av, og måtte høyre alle Dagsnytt- og Dagsrevysendingane utover kvelden. Og som vaktsjef måtte du heile tida vere klar til å sende nokon ut som kunne levere sak til Dagsrevyen når det rasar i Sogn eller eksploderer i Sløvåg i Gulen.

I tillegg sakna eg etter kvart akademia, eg sakna dei diskusjonane vi hadde i 8. etasje på Sosialantropologisk institutt ved UiB. Samstundes kunne eg ikkje tenke meg ei forskarkarriere. Til det er eg for utolmodig. Eg finn mykje meir glede i å sette meg inn i, og formidle, det andre har tatt seg tid til å forske på. Så då eg leste utlysingsteksten til den jobben eg har i dag, tenkte eg” DETTE er jobben for meg”. Og jobben i NRK Sogn og Fjordane fekk brått meining på eit anna plan, og det føltes høgst relevant å kunne vise til denne erfaringa då eg søkte på jobben.

Journalistikk + sosialantropologi = forskingsformidling

No har eg fått ein jobb der eg kan kombinere fagbakgrunnen min som antropolog med praksiserfaringa min som journalist. Eg jobbar som kommunikasjonsrådgjevar i eit nyoppretta forskingsadministrativt nettverk (FANE) ved SV-fakultet, Universitetet i Oslo. Målet til FANE er å styrke forskinga ved fakultetet gjennom å ha betre støttefunksjonar for forskarane innan søknadsskriving, budsjettering , formidling og web.Mi oppgåve er mellom anna å bidra og gje råd til forskingskonsulentar og forskarar i mediehandtering og formidling. Eg har etablert eit digitalt nyhendebrev for tilsette, og intervjuar forskarar, dekan og prodekan om nye og pågåande prosjekt, om fagpolitikk og strategi. Eg leverer innhald til eigne nettsider og skal også i gang med å slrive saker til nettavisa forsking.no. Eg deltek også i fora som er med på å forme dei nye nettsidene ved UiO, og diskuterer forskingsformidling og korleis vi skal profilere forskinga vår betre på eigne nettsider. Eg er med i UiO sitt Informasjonsråd, og får eit godt innblikk i spanande prosessar og alt som skjer rundt det nye rektoratet.Og ja, i administrasjon på SV har eg støtt på mange som er utdanna antropologar. Sjefen min er antropolog, ein studiekonsulent i fakultetsadministrasjonen er antropolog, informasjonskonsulenten er antropolog, administrativ leiar for SV sitt einaste senter for fremragande forsking ved Økonomisk Institutt er antropolog. Og truleg er det enda fleire.Og då er eg tilbake til spørsmålet eg stilte innleiingsvis: Er det for mange av oss antropologar?

Nei, vi er ikkje over alt i så mange ulike type yrker fordi det er for mange av oss, men fordi vi har ein kompetanse som passar så mange ulike stader. Feltarbeidet og det analytiske arbeidet ein mastergrad er, gir oss ein verdifull kompetanse som gjer oss gode på å forstå og møte menneske med ulik ståstad og ulik bakgrunn. Dette er ein kompetanse arbeidslivet etterspør. Vi er tilpassingsdyktige og vane til å sjå på oss sjølve som ”underdogs” i forhold til andre samfunnsfag. Og eg trur vi difor ofte er audmjuke når vi går ut i arbeidslivet, og når vi møter andre i jobben vår.  Som antropologar trur eg også vi er gode på å forstå og meistre uformelle nettverk, og det skaffar oss kanskje lettare jobb der slike ting ofte spelar inn, som til dømes på universitetet. Det er ein innebygd fridom i antropologien til å kunne ta utgangspunkt i dei fleste tematikkar, som også gjer at vi kan vere til nytte, og bidra på mange svært ulike arenaer og fora. Og ha eit uttal ulike jobbar. Og det er når det kjem til stykket ein fantastisk fordel med det faget vi har valt å fordjupe oss i. Det stenger ikkje dører, men opnar dei.