Antropolog-portrettet:

Ragnhild Therese Nordvik

Årets første Månedens antropolog, Ragnhild Therese Nordvik, ser snarere på antropologi som et livssyn enn et fag. Antropologi handler om å være nysgjerrig, åpen og det og prøve å forstå skriver hun, og fortsetter: ”Å prøve å forstå kvifor nokon andre meiner det dei meiner er heilt essensielt for å få til ein dialog. Eg ser på dette som ein ’antropologisk tilnærming’.” Nordvik legger til at ulike kommunikasjonsteorier bygger på en slik forståelse, og bemerker at det er lønnsomt å holde kurs om slike ting som nettopp antropologer har en god forutsetning for å si noe fornuftig om. Hun gir til slutt en kort sammenlikning av sitt feltarbeid i Bolivia og sitt arbeid i SAIH, og konkluderer med at vi i bunn og grunn søker mange av de samme spørsmålene i arbeidslivet som under feltarbeidet.

ragnhild_nordvik.JPG

Skrevet av Ragnhild Therese Nordvik, er dagleg leiar i SAIH (Studentenes og akademikernes internasjonale hjelpefond), og har det overordna administrative og bistandsfaglege ansvaret ovanfor Styret, januar 2008

Kva gjer ein antropolog som administrativ leiar?

Det hadde vore lettare å skrive denne teksten for eit halvt år sidan. Då var eg prosjektansvarleg i SAIH, og hadde ansvar for konkrete prosjekt og program som SAIH samarbeider med lokale bolivianske organisasjonar om. Det handla mykje om å få til ein god dialog med prosjektpartnarane slik at vi saman kunne vidareutvikle prosjekta for å oppnå best muleg resultat. I dette arbeidet er det lett å forklare kvifor antropologi er ei nyttig utdanning, og eg møtte også mange antropologar i liknande stillingar både i eigen organisasjon og i resten av bistandsmiljøet.

I dag har eg eit meir administrativt ansvar, og skal ta ansvaret for at SAIH driv ein god personalpolitikk, ei god økonomistyring og har fagleg og administrative gode rutinar og god praksis. Når eg møter andre som sit i liknande stillingar er dei stort sett folk med ein heilt annan bakgrunn (og anna alder og kjønn, men det er ein annan diskusjon). Det er mange med bedriftsøkonomiutdanning, administrativ bakgrunn eller heile BI-pensumlista med leiarskapsteoriar i baklomma. Eg har ei hovudfagsoppgåve om fellesskap og identitet i ein ungdomsgjeng i Bolivia i hylla. Likevel meiner eg at det eg har lært på vegen til å få ”fagbrev” som sosialantropolog set meg i stand til å gjere den jobben eg gjer i dag. Korleis heng det saman?

Aller først vil eg seie at ei akademisk utdanning, uavhengig av kva fag ein har studert, er nyttig fordi ein (i alle fall ideelt sett) har lært seg å tileigne seg ny kunnskap, å analysere informasjon og å finne forslag til løysingar. Mi erfaring er at dette er noko mange gløymer i diskusjonane om kvifor høgare utdanning – eller all utdanning – er viktig. Vi trur ofte at det viktigaste i utdanning er det faglege vi har lært, men det er minst like viktig at vi har lært å lære. Eller for å vere meir spesifikk: Vi har lært å lære bokleg kunnskap, lært å lære teori. Eg vil hevde at sosialantropologar kanskje er litt flinkare til å hugse på dette enn mange andre, kanskje fordi vi òg er meir medvitne om at bokleg kunnskap berre er ein form for kunnskap. Men i min arbeidskvardag er denne typen kunnskap viktig.

Eit nyfikent livssyn

Eg plar seie at sosialantropologi ikkje er eit fag, men eit livssyn. Mine ikkje-antropologvener ler litt av det. Mine antropologvener ler ikkje. I alle fall ikkje på same måten. Kjerna av antropologi handlar ikkje om studiepoeng og endelege teoriar, men det er eit overordna rammeverk, ein måte å sjå på livet på. (Store ord, men etter opphald og feltarbeid i Bolivia er eg kanskje ikkje så redd for store ord lenger.) Å vere antropolog er mellom anna å vere nyfiken, open og prøve å forstå. Det er å tenkje: ”Kvifor meiner ho det?” og ikkje berre ”Ho tek feil”. Antropologar har lest, lært og erfart at det fins så mange ulike måtar å organisere og forstå samfunnet på, og at alle dei ulike måtane har ein intern logikk. Dette gjer oss – vonleg – meir opne for å stille spørsmålet: ”Fins det andre måtar å sjå på dette på?”, og så prøve å forstå desse andre måtane, sjølv om ein står midt oppe i ein hektisk arbeidskvardag eller ei usemje med ein kollega, og alle fibrar i kroppen skrik ”Du tek feil, og eg har rett. Dust!” Å prøve å forstå kvifor nokon andre meiner det dei meiner er heilt essensielt for å få til ein dialog. Eg ser på dette som ein ”antropologisk tilnærming”. Mange ulike kommunikasjonsteoriar byggjer på ei slik forståing (og mange av dei som driv kurs i dette tener mykje betre enn dei fleste antropologar eg kjenner, så kanskje det er eit tips til antropologistudentar som les dette).

Antropologi og budsjettstyring

Sosialantropologi hjelper meg sjølvsagt ikkje til å sette opp eit budsjett eller utarbeide utkast til ein arbeidsavtale som er i tråd med tariffavtalen. Men alt dette er informasjon eg kan tileigne meg, på relativt kort tid. Det fine med til dømes budsjettarbeid er at når du har lært det, så kan du det. Det er sjølvsagt alltid rom for forbetringar, men eg kan krysse av på lista mi at – No kan eg det! Det er ikkje heilt sånn med antropologi. Eg sit ikkje med vitnemålet mitt og føler at eg ”kan antropologi”. Det ville sjølvsagt vore absurd. Men eg føler at eg kan noko om det eg kallar ei ”antropologisk tilnærming”, og eg trur at dette kan gjere meg til ein betre sjef.

Livet under feltarbeid og arbeidslivet

På feltarbeid sprang eg gjennom gatene i El Alto by i Bolivia saman med gjengen ”min”, for å unngå å verte angripe av både politi og ein fiendegjeng. Eg brukte eit halvt år på å stå og fryse på ein plaza, prøve å omsetje Eminem og 50 Cent sine tekstar frå jukeboksen på spelebula til stadig mindre imponerte gjengungdomar, finne strategiar for å unngå å verte overskjenka på festar, prøve å finne ei meining bak vald og valdtekter i ein gjeng som omtala seg som ein stor familie, og prøve å finne ut korleis alt dette kunne henge saman. I dag heng eg meir på seminar om økonomistyring i frivillige organisasjonar, prøver å omsetje bistandsstrategispråk til den røynda vi opplever, finne strategiar for å motivere og få det beste ut av mine flinke medarbeidarar, og prøve å finne ei meining bak dei fine orda i PRSP-ar, regjeringa sine strategidokument og diverse FN-konvensjonar. Og framleis prøver eg å finne ut av korleis alt heng saman.Kanskje det ikkje er så stor skilnad på feltarbeid og arbeidsliv trass alt?