Antropolog-portrettet:

Dag Jørund Lønning

her under feltarbeid på New Zealand, november 2005. Tema er flugefisketurisme på landsbygda. Den lokale kunnskapen vert her gjort økonomisk relevant gjennom betalt ”guiding” (mannen i bakgrunnen). Flugefiske er elles denne antropologen sin hobby nr 1, så dette er eit godt døme på ”lystbetont antropologi”!

(BILDE)

Skrevet av: Dag Jørund Lønning, forskingskoordinator ved Telemarksforsking-Bø, februar 2006

Antropologi som grunnlag for aktivisme, nyskaping og utviklingsforsking

Først av alt må eg få takka for utnemninga som ”månadens antropolog”. Dette var moro, overraskande, og, ikkje minst, utfordrande. Det siste grunna oppgåva som følgjer med utnemninga; å skriva ein epistel om seg sjølv, og korleis antropologien eventuelt må ha hjelpt ein ”gjennom livet”.

Eg har freista å løysa dette gjennom ein kronologisk gjennomgang av min eigen karriere som utviklingsforskar ved Chr. Michelsens Institutt, Fylkesmannen i Hordaland og, no, ved Telemarksforsking-Bø. Det faglege står i fokus i gjennomgangen. For dei som måtte bli interesserte i dette materiellet, har eg, der det høver seg i teksten, lagt inn sluttnotar med referansar til nokre av mine viktigaste arbeid.

”Militant antropologi”

Eg har i heile perioden etter ferdigstilling av hovudfag ved UiB våren 1994 (1) arbeidd med tittelen forskar/antropolog. Samstundes har nok dette vore ein karriere som skil seg ein del frå den eg ville hatt om eg hadde blitt verande ved Universitetet. For meg var akkurat det uaktuelt på denne tida. Eg bestemte meg tidleg for at det var aksjonspotensialai faget eg ynskte å arbeida vidare med. Den viktigaste årsaka til at eg i det heile valde antropologien, var ikkje nødvendigvis intens personleg interesse for krysskulturell komparasjon; den viktigaste drivkrafta var nok heller ynskje om å gjera noko. Verken kastesystem eller kvinneleg omskjering fascinerte meg i særleg grad som døme på kulturelt mangfald; men eg var tidleg prega av ein brennande hug etter å reisa ut for å kjempa mot denne typen lemlesting, undertrykking og maktmisbruk (også dei kulturelt legitimerte).

Utgangspunktet var vanskeleg. Trass i byrjande postmoderne åtak og påfølgjande representasjonskrise, var knappast aktivisme ein særleg feira antropologisk motivasjon ved Universitas Bergensis på seint 80-tal og tidleg 90-tal. Idear om ”sanning” og skarpe skilje mellom subjekt og ”studieobjekt” rådde framleis grunnen, og når eg då bygde opp mitt vitskapsteoretiske arbeid rundt forsvar for aktivisme og Nancy Scheper-Hughes sin ”militante antropologi”, så var nok det ganske langt utanfor sentrum i det bergensk-antropologiske prosjektet på den tida (2).

Palestina etter Oslo

Lettare var det å vinna forståing for slike tankar ved Chr. Michelsens Institutt, der eg var tilsett i perioden 1994 – 2000. Eg hadde byrja ved CMI alt som hovudfagsstudent, og heldt fram etter avlagt eksamen. Min bakgrunn frå Palestina var mykje verd slik midt på 90-talet, og i fem år styrte eg oppbygginga av forskingssamarbeidet mellom CMI og Muwatin Palestinian Institute for the Study of Democracy på Vestbreidden. I denne post-Oslo perioden utover på 90-talet, gjennomførte eg fleire lengre feltarbeid i Palestina. Eg såg korleis dette kua folket nok ein gong vart ofra i det Machiavelliske maktspelet om Midt-Austen, der styrke og det å stå på godfot med Bush sr. og jr. tyder alt, og menneskerettar i røynda ingenting. Gjennom tett kontakt og venskap med ei gruppe yngre menn, såg eg korleis ”the peace process” gradvis vart omdøypt til ”the piss process” på den palestinske gata (3). I dette spelet er det å vera okkupert og undertrykt reint avhengig variabel. Den uavhengige er kven som okkuperer. Palestinarane taper slik sett på alle frontar. Medan okkupantar av irakisk Kurdistan og Kosovo skulle ”bombast tilbake til steinalderen”, har det i Palestina-spørsmålet heile tida dreidd seg om ”å få partane tilbake til forhandlingsbordet”. Kor mange gongar har me ikkje høyrt denne leksa etter Oslo-avtalen, alt ettersom dei israelske settlementa har trengt lengre og lengre inn på okkupert land, bantustaniseringa har halde fram, og fleire og fleire ”facts on the ground” såleis etablerte? Denne forhandlingsdiskursen gjev klare konnotasjonar til ”likeverdige partar”, og det i ein situasjon der me faktisk talar om ein okkupant som møter ein okkupert, og der den eine parten ikkje har noko å gje i det heile. Einskildmennesket forsvinn også totalt, i den augneblink liding vert redusert til forhandlingsspørsmål.

Det var i det heile ikkje vanskeleg å føresjå at denne vedvarande undertrykkinga og krenkinga, midt oppe i ein såkalla fredsprosess, ville føra til ei radikalisering på palestinsk side …

For meg vart desse åra prega av mykje mediearbeid, mellom anna som ”ekspertkommentator” om Midt-Austen for TV2 og fleire aviser. Samstundes kjendest stoda personleg meir og meir vanskeleg. Eg fann rett og slett rolla som ”ekspert” med levebrød tufta på å kommentera ”andre” – og blant dei mange gode vener - sitt elende, som personleg uråd å føra vidare. Her ligg såleis aktivismen sin styrke, men samstundes også avgrensing, som forskingsmetode; den gjev ein uhyre nærleik til og identifisering med feltet, men gjer samstundes ”distanse” uråd. Det antropologiske idealet om deltaking vert svert sterkt ivaretatt, medan observasjonen – om denne vert definert som noko eksternt og objektiverande – vert ei større og større utfordring. Ein identifiserer seg med og engasjerer seg for venene sine, ein objektiverer dei ikkje!

Småbruket som postmoderne uttrykk

Denne ”personlege representasjonskrisa”, var såleis årsak til ei gradvis endring i forskingsfokus på slutten av 90-talet. Den andre årsaka botna i heimslege tilhøve med ein veksande familie, og ei aukande både fagleg og personleg interesse for bygdeutvikling, lokal kunnskap, småbruk, og landskapsproblematikk. I perioden mellom 1998 og 2000 vart eg difor prosjektleiar for eit større forskings- og utviklingsprosjekt rundt ungdom og rekruttering til landbruk og bygdeliv. Oppdragsgjevar var Fylkesmannen i Hordaland.

Det er eit stort sprang frå Palestina til norsk bygdeutvikling og småskala landbruk. For mitt vedkomande var likevel det personlege engasjementet for minoritetsinteresser og –verdiar, eit soleklart bindeledd. Den norske småbrukaren er sjølvsagt ikkje fysisk undertrykt slik palestinaren er det, men har likevel stridd mot ein stendig meir urbanisert offentleg debatt, der bygd og småbruk vert kommunisert som noko fortidig og utgåande. Det å bli utdefinert av det samtidige og framtidsretta, gjer optimisme og framtidstru vanskeleg. Medan det moderne metanarrativet har blitt kjempa ned på samfunnsfelt etter samfunnsfelt, har det halde stand til det siste i spørsmålet om landbruk og bygdeliv. Den volumøse ideen om ”utviklinga” som ”må gå sin gang”, har vore spesielt aktivt nytta i diskusjonen om bygda. Denne ideen fjernar menneskeleg agens, og predikerer i staden noko predeterminert, stort og uhandgripeleg som mennesket berre må ”tilpassa seg”.

Personleg har eg alltid oppfatta denne metaforteljinga som absurd. Eg vaks opp på eit mindre gardsbruk, med foreldre som var sterke berarar og formidlarar av norsk bygdekunnskap og –tradisjon. For meg har bygdebakgrunnen alltid vore noko eg har vore stolt av, og det vart såleis eit naturleg prosjekt å arbeida profesjonelt mot strukturar og holdningar som nedvurderte denne lokale kunnskapen.

Mitt arbeid med ungdom som ynskte seg til bygda, avslørte også at det postmoderne interessesamfunnet er på full fart inn (4). Metaforteljinga om ”fråflyttingsbygda” kan såleis angripast frå ein ny og spanande vinkel. Desse ungdomane ser ikkje på seg sjølve som motpolar - ”attsitjarar” - til den frie Baumanske turisten. Dei ynskjer seg tvert om til bygda nettopp på grunn av eigne interesser. Slik sett er og garden, småbruket, i ferd med å endra karakter frå næring til livsstil. Dette er ein annleis måte å leva på, ein livsstil som uttrykkjer nettopp leitinga etter det spesielle og særeigne; det lokale i det globale. Gjennom aktiv bruk av postmoderne retoriske verktøy bygd på individualitet, dei mange små narrativ, og personleg interesse, omskaper desse ungdomane bygda og den tradisjonelle odelsgarden til eit postmoderne interesseprodukt: Me må ikkje, me vil. Me gjer det ikkje utav plikt, me gjer dette fordi me har lyst.

Dette er livsstilsflyttaren. Garden er ikkje først og fremst næring, men ein måte å bu på, trivast på, uttrykkja personlege interesser på. Nokre av desse vidareutviklar garden for å kunna henta inntekter frå denne, andre kompenserer fallande landbruksinntekter med eksternt arbeid. Men alle gjer dei bygdene rikare, nettopp gjennom arbeidet med å redefinera: Bort frå tal og teknikk, over på trivsel, kultur, identitet, og menneskenære verdiar.

Kulturøkonomi; lokal kunnskap som grunnlag for stad- og næringsutvikling

Denne nyutvikla ideen om den postmoderne bygda tok eg med meg til Telemarksforsking-Bø i 2001, der eg vart tilsett med oppdrag om å byggja opp eit forskingsprogram om bygdeutvikling.

Søknad til Noregs Forskingsråd dette året resulterte i det 5-årige forskingsprogrammet Trademark Telemark - Strategisk instituttprogram om kulturøkonomien og nye potensial for natur- og kulturbasert næringsutvikling i Telemark. ”Kulturøkonomi” er ei fornorsking av culture economy, eit omgrep som vart utvikla i engelsk bygdesosiologi på slutten av 90-talet. Poenget her er nettopp å kunna utnytta den postmoderne interessa for bygda som uttrykk for det ikkje-standardiserte. Denne konstruksjonen er kulturell, men kan, grunna marknaden sin aukande innverknad som identitetsdannar i vår tid, også nyttast som grunnlag for utvikling av nye produkt og opplevingar.

Den moderne bygda var ei standardisert råvarebygd. Den eine staden var til forveksling lik den andre. Frå Lindesnes til Pasvik; det same kjøpesenteret, det same gatekjøkenet, dei same rundballane, dei same standardiserte og hybridiserte husdyrrasane, den same importerte kunnskapen om korleis manøvrera store maskinar... Lite og ingenting i dette biletet er lokalt. Det lokale vart brent under høgmoderniteten på 70- og 80-talet.

Kulturøkonomien søkjer derimot etter det spesielle, og freistar, gjennom aktiv konstruksjon og lokale mobiliseringsprosessar, å få fram det som er annleis ved staden. Kva har me her som få eller ingen andre har? Kva kan me her som få eller ingen andre kan? Fokus ligg ofte på lokal mat, lokal bygningsskikk, lokal musikk, myter, forteljingar, det spesielle landskapet. Her legg me stadleg kultur og kunnskap i botn for ny utvikling. Det ikkje-standardiserte går frå å vera ei moderne ulempe til å bli ei postmoderne føremon!

Forsking på økonomisk utvikling i europeiske bygderegionar syner det same; dess sterkare lokal identitet, dess betre er og den økonomiske utviklinga. For å utløysa slike potensial, må likevel synet på kultur og identitet som noko statisk og ”ekte” byggjast ned. For kva er ekte og ikkje ekte i vår globale verd? Dette dreier seg ikkje om substans og permanens. Først og fremst talar me om sjølvkjensle og trua på at det lokale er noko verdt! Det viktige er såleis å skapa interesse for staden, for det lokale landskapet, for dei lokale ressursane. Den lokale identiteten må heile tida skapast, konstruerast, reaktiverast med basis i samtidsprosessar og trendar. Lokal og regional utvikling var gjennom heile moderniteten eit spørsmål om tal, og fysisk infrastruktur. I vår tid talar me i staden om å setja mennesket i sentrum; om interesser og kultur. Det lokale får her ny verdi, som grunnlag for postmoderne identitetskonstruksjon (5).

Den postmoderne kua

Eg arbeider i dag som koordinator for eit eige fagområde ved Telemarksforsking-Bø; fagområdet Natur- og Kulturbasert Næringsutvikling (6). Fem samfunnsvitarar, alle med personleg engasjement for bygda, driv her aktivt med prosjekt der lokal kultur og kunnskap ligg til grunn for nysatsingar. Dette miljøet har dei siste åra drive fram ei rekkje nyutviklingsprosjekt basert på denne koplinga mellom lokale ressursar, lokalt behov for nye identifiseringsgrunnlag, og ekstra-lokalt søk etter det lokale og særeigne: ”Dette er vårt, dette kan ikkje kopierast, dette kan ingen andre ta frå oss, og dette vil omverda ha!”

Me har stått i bresjen for ei nysatsing på Morgedal og Skisportens Vogge som utgangspunkt for eit norsk bidrag til den globalt veksande pilegrimsturismen. I ein rapport om temaet, hevdar me at Skisportens Vogge også bør bli Skisportens Mekka (7). Me har arbeidd fram grunnlaget for ei storsatsing på mytestoffet og landskapsforteljingane som utgangspunkt for identitetsbygging og reisemålsutvikling i Telemark (8). Det kan hende mest spesielle dømet er likevel knytt til ei ku:

Med utgangspunkt i ide og fagleg nybrottsarbeid frå Telemarksforsking-Bø, skjer det no ei større nysatsing på den gamle stadeigne husdyrrasen Telemarkskua. Denne kua vart meir eller mindre radert bort av hybriden Norsk Raudt Fe i det moderne landbruket sitt race etter storleik, liter, volum og masse. I dette regimet var kultur og identitet redusert til noko latterleg og plagsamt, og berre ei lita gruppe lokale og økologisk opptekne idealistar tok vare på dei stadeigne og landskapstilpassa husdyrrasane. I vårt arbeid med å identifisera lokale ressursar, såg me likevel at denne kua er som skapt for vår glokale samtid. Telemarkskua er ei postmoderne ku! Den kommuniserer kvalitet, lokal historie, estetisk oppleving (mange meiner den er verdas vakraste), den har eit spesielt gemytt, den er ein ypparleg fjellklatrar og beitar i område og på plantar der vår tids produksjonshybrid NRF fell fullstendig gjennom. Kort sagt; Telemarkskua er det perfekte symbolet for regionen Telemark, i ei tid der særpreg sel. I vårt arbeid har me presentert denne som eit regionalt kjernesymbol; ein form for regional intellektuell kapital som gjev tilleggsverdi til både einskildproduktet og til regionen som heilskap. Gjennom å fremja Telemarkskua, har me greidd å skapa nye samband mellom landbruket og samfunnet rundt. Mange menneske i Telemark har sterke personlege erfaringar med regionen si eiga ku. Denne kua fortel historia om landskapet Telemark. Utsjånaden gjer den og særs veleigna i ei satsing på landskapsturisme (9). For det tredje, har me arbeidd fram grunnlaget for det første meieriet i Nord-Europa tufta på ein lokal og tradisjonell ferase. Dette opnar i Fyresdal i løpet av 2006 og skal produsera ost og smør på lokale oppskrifter. I løpet av året opnar og opplevingssenter for ferasen i Seljord. I tillegg er det 150 år sidan denne kua vart godkjend som første offisielle norske ferase, og dette skal feirast over heile Telemark gjennom året (10).

Det kulturelle landskapet

Eit anna tema der antropologien har vore nytta som utgangspunkt for åtak på rådande forvaltings- og forståingsregime, er bygdelandskapet, eller det såkalla ”kulturlandskapet”. Kulturlandskapsforskinga i Noreg har vore prega av fysiske storleikar og tal. Biologane har halde på med sitt, kulturminnevernarane sitt, bøndene har på si side kalla alt kultivert land for kulturlandskap. Mennesket har vore bortgløymt! Og når landskapet vert presentert som eit fellesgode av landbruket sine talsmenn, er det ikkje så lite av eit paradoks at det same fellesskapet ein appellerer til, faktisk er heilt utelukka frå å vera med og avgjerda korleis dette landskapet skal utviklast.

Men kva om ein tek omgrepet kulturlandskap på alvor, og set kultur i fokus? Når me set mennesket i sentrum for landskapsutviklinga, får me ein alvorleg og dramatisk korreks i høve til rådande regime. Gjennom omgrepet det kulturelle landskapet har me synt korleis mennesket set kvalitative krav til landskapsutvikling (11). Det kulturelle landskapet engasjerer, identifiserer, og gjev rom for deltaking.

Det moderne og standardiserte produksjonslandskapet kvalifiserer derimot ikkje til å bli kalla kulturelt landskap! Dette er eit privatisert landskap utan kollektiv appell. For det norske landbruket er det heilt avgjerande at det landskapet ein produserer har slik appell. Samstundes kan ikkje dette sikrast utan at kollektivet faktisk slepp til. Me arbeider difor no med fleire større prosjekt der mennesket, som einskilindivid og medlem av kollektiv, får vera med og avgjera korleis landskapsmidlane skal nyttast.

Dette er ei spanande satsing med potensielt store konsekvensar for landbruk og bygdeliv. Det kulturelle landskapet er eit trivselslandskap, og er både eit direkte og metaforisk uttrykk for dei lokale ressursane. Dette landskapet vert såleis bygderommet, det rom både identitet, trivsel og anna næring strøymer ut frå. Det er dette rommet som er attraksjonen for å sikra både tilflytting og turisme. Det kulturelle landskapet er såleis ein holistisk og open metafor, som gjev rom for både individuell interesseutøving og kollektiv kulturell identifisering.

Doktorgradsavhandling: Forsking for nyskaping og bygdeutvikling

Med basis i personleg innsamla feltmateriale frå Vestlandet, Telemark, det skotske Høglandet, Island og New Zealand, driv eg i desse dagar og syslar med ei philos-avhandling om bygda som nyskapingsarena. Det postmoderne åtaket kom seint i gang på denne arenaen, men det kom godt når det først kom. Metanarrativet om den standardiserte og fråflyttingstruga råvarebygda må rivast ned og slitast i filler. Det må erstattast med dei mange små, som kvar fokuserer på ulike spanande sider ved interesse- og trivselsbygda. For å medverka til nettopp dette, er oppgåva innom både Nietzscheansk perspektivisme og revaluering, og postmoderne dekonstruksjon. Eklektisme vert i seg sjølv ein sentral arbeidsmåte. I utviklingsretta forsking, og særleg om den er av det postmoderne slaget, finst det verken tid til eller rom for å henga seg opp i sirkel-debattar om kva som eventuelt måtte vera ”sant” og/eller ”ekte”. Med Rorty og pragmatistane som støtte, søkjer me heller etter det som verkar. Antropologien er eit spanande utgangspunkt i så måte. Diskursen om bygda har dreidd seg om kvoteliter, spreieareal, tungtransport, vegstandardar, ”dårlege kommunikasjonstilbod”, flyttestatistikkar. Me arbeider no for at denne heller skal dreia seg om menneske, trivsel og framtidsvisjonar. Lukkast me, må norsk distriktspolitikk definert som eksogene ”overføringar” avviklast, og erstattast med ein endogen politikk som gjev menneske lokalt høve til å skapa sine eigne samfunn.

Noter

(1) Hovudoppgåva vart utgjeven i serien Bergen Studies in Anthropology:

Lønning, Dag Jørund, 1995: Bridge over troubled water. Inter-ethnic dialogue in Israel/Palestine. Bergen: Norse Publications.

(2) Lønning, Dag Jørund, 1996: Dealing with the good and the evil. Introducing morality as an anthropological concern.CMI Working Papers 1996:13.

(3) Saman med dr George Giacaman, frå vårt samarbeidsinstitutt Muwatin, evaluerte eg effektane av Oslo-avtalen:

Giacaman, George and Dag Jørund Lønning (eds.), 1998: After Oslo. New Realities, Old Problems. London andChicago: Pluto Press.

(4) Lønning, Dag Jørund, 2000: Gøy på landet? Landbruk i ei postmoderne tid. Oslo: Det Norske Samlaget.

(5) Telemarksforsking-Bø har gjeve ut lærebok i kulturøkonomisk bygdeutvikling. Denne er no i bruk ved ei rekke lærestader i Noreg:

Lønning, Dag Jørund (red.), 2003: Den Norske Bygda og Den Store Verda. Om lokal utvikling i ei global tid. Bø: Telemarksforsking-Bø.

(6) www.tmforskbo.no/fag/detalj.asp?gID=NKN

(7) Lønning, Dag Jørund, 2005: Frå Vogge til Mekka. Ein kulturøkonomisk utviklingsstrategi for Morgedal. Telemarksforsking-Bø, rapport 226.

(8) www.sogelandet.no

(9) Lønning, Dag Jørund, 2004: Landskap som ressurs i kulturøkonomien. Opplevingar frå det skotske Høglandet og Island. Telemarksforsking-Bø, rapport 218.

(10) Sjå Lønning, Dag Jørund, 2005: ”Telemarksdronninga. Telemarkskua kan vera framtida for bygdene i Telemark”. I Årbok for Telemark 2005/06.

(11) Lønning, Dag Jørund, 2003: ”Riv gjerda, fjern grensene! Mot eit kollektivt og inkluderande landbruk.” I Landbruksøkonomisk Forum nr 3, 2003.

I løpet av 2006 kjem elles Telemarksforsking-Bø med ein større bokpublikasjon der me introduserer omgrepet kulturelle landskap.

Personlege data, Dag Jørund Lønning

Fødd 1967, oppvekst på Stord. Gift med to born. Utdanna antropolog frå UiB våren 1994. No busett på eit lite småbruk i Kviteseid i Telemark. Arbeider som forskar og forskingskoordinator ved Telemarksforsking-Bø, med spesielt fokus på bygdeutvikling, identitet, postmodernitet.

Meir informasjon om Dag Jørund Lønning sitt arbeid med bygdeutvikling og lokal kultur finn du her:

http://www.tmforskbo.no/fag/detalj.asp?gID=NKN